Kjeldekritikk og fotballjournalistikk

Me bør av instinkt reagere positivt når TV2 eller andre freistar å drive kritisk journalistikk. Samstundes er det lett å gjere feil når ein skal vere kritisk. Urettvis kritikk får konsekvensar for både enkeltpersonar og lag.

Artikkelen er skrevet av Roy Krøvel.

Det største problemet i norsk fotball er mangel på kritisk diskusjon. Alt for ofte nøyer journalistar seg med å registrere at favorittlaget anten vann eller tapte. Det kritiske perspektivet strekk seg sjeldan særleg lenger enn nokre småspark mot dommaren eller andre som har vore uheldige. Difor bør me av instinkt reagere positivt når TV2 eller andre freistar å drive kritisk journalistikk. Samstundes viser saka kor lett det er å gjere feil når ein skal vere kritisk. Urettvis kritikk får konsekvensar for både enkeltpersonar og lag.

Spelar det ei rolle om det har funne stad eller ikkje?
Krigen i Den persiske golfen vil ikkje finne stad, hevda ein fransk filosof (Jean Baudrillard) i 1991. Med det meinte han å seie at i dag, i mediesamfunnet, der informasjonen ser ut til å gå fortare og fortare, og der bilete, symbol og referansar sirkulerer frå det eine til det andre medium, blir kanskje mediebiletet av Golfkrigen sterkare og viktigare enn sjølve krigen. No fekk krigen verkelege konsekvensar på liv og død for levande og ekte menneskje. Men me kan kanskje likevel forstå kva han meinte: Eit bilete av eit fenomen vert skapt i media. Biletet får sitt eige liv som lever nesten uavhengig av røyndomen «på bakken». Biletet, rett eller gale, påverkar dermed kvardagen til menneskjer i den røynlege verda.

I ettertid ser me at kvart steg i mediesaka om overgangen var lite. Kven kan vel kritisere TV2 for at dei bestemte seg for å gjere kritisk journalistikk på eit rykte om økonomiske transaksjonar på overgangsmarknaden? Dei trudde visst at Rosenborg hadde bode fem millionar kroner for Veigar Páll Gunnarsson, medan Vålerenga fekk han for ein. Det ville ha vore ei god og viktig sak å gripe tak i.

Ingen kan vel eigentleg kritisere Rosenborg for å lure på kva som hadde skjedd. -» He, he, det er vel ikke så viktig hva jeg mener «, sa Hoftun, og journalistane måtte lure på kva han eigentleg meinte.

Når fleire kjende journalistar så grip tak i saka og stiller stadig fleire kritiske spørsmål, er det heller ikkje så rart at Norges fotballforbund grip inn. Slike negative saker kan i seg sjølv skade omdømet til norsk fotball, nesten uavhengig av substansen i påstandane.

Dersom påtalenemnde i fotballforbundet set i verk undersøkingar, vert det tolka som eit prov på at mistanken er styrka, i alle fall i fylgje media. Ingen røyk utan eld. Andre journalistar kan då kommentere i endå sterkare ordelag: «- Det er altså norsk fotballs høgaste tillitsmenn som har lagea svindelopplegget» (Trygve Hegnar). Slike kommentarar vert på si side ledd i ei rekke indisier som andre journalistar byggjer på i nye kommentarar: «Kreativ bokføring er det beste man kan si om overgangsprosjektet som endte i det Trygve Hegnar omtaler som et svindelopplegg. Det er – uten at noe ennå er «bevist», verken av NFF eller andre (jurister) – det nærmeste man kommer faktum i denne saken» (Morten Pedersen).

Ekspertar på jus kommenterer saka og understrekar alvoret i det som har kome fram. Det er ikkje rart at sponsorane til Stabæk vert urolege – dei har også sitt merkenamn å tenkje på. Sjølv mistanke om ulovlege affærar kan få negative konsekvensar. Difor er det ikkje urimeleg det som leiinga i Stabæk hevdar: Dei risikerte å tape mange millionar i sponsorinntekter dersom ikkje ei eventuell konflikt med motparten i Frankrike vart løyst, uavhengig om substansen i påstanden.

Stabæk betaler Nancy. Det vert nok eit indisium på at noko ulovleg har skjedd – kvifor betale Nancy viss ikkje Stabæk har dårleg samvit for det som har gått føre seg?

Kven skal ein eigentleg kritisere i denne runddansen? Har ikkje alle berre gjort det som er rimeleg ut i frå det dei visste om saka på det aktuelle tidspunktet? Gravande journalistar skal vere kritiske til pengemakta. Kommentatorar skal vere kritiske til økonomiske transaksjonar. Fotballforbundet må passe på omdømet sitt. Stabæk lyt ta vare på sine sponsorar.

Det kan godt vere at ingen journalistar har brote korkje lover eller etisk regelverk. Likevel vert heilskapen av saka større enn summen av delane, og for dei som vert råka av kritikken, får den alvorlege konsekvensar. Difor er det heller ikkje nok å vere nøgd med å konstatere at ingen har brote noko etisk regelverk for journalistikk.

Heltar og skurkar
Det er vel kjent at media likar å sette ny informasjon inn i allereie kjente forteljingar eller narrativ. Media likar saker med tydeleg konflikt. Der motsetningane er i svart-kvitt. Forteljingane veks seg gradvis inn i etablerte mønster med sine heltar og skurkar i velkjende roller.

I tillegg har fotballen si eiga livsverd. Den offentlege samtalen om fotball er ikkje heilt som andre offentlege samtalar. Den er subjektiv, full av kjensler, fargerik bruk av språk for å forsterke poeng, full av skjemt og svart humor. Den er carnivalesque, som dei seier på nynorsk, og skal vere det. Det er noko av attraksjonen, det som gjer at fotball gjev oss så mykje glede.

Men dermed er det alltid freistande å ta i litt ekstra, strekke påstanden litt lenger enn fakta rekk. Det kritiske oppdraget vert fort til ein «mistankens hermeneutikk»: Det må ha gått føre seg noko dunkelt, i alle fall må me rekne med det til me har fått prov på det motsette. Ein slik måte å snakke på skaper temperatur og spenst i journalistikken, men for dei som vert gjorde til skurkar i forteljinga, er det ikkje like kjekt.

Det er ikkje rart at «skurkane», etter at saka er ferdig handsama i domstolen, ynskjer å snu søkjelyset tilbake i retning av journalistane. Kven har ansvaret for at eg vart hengt ut? Men det er liten grunn til å håpe på tydeleg ansvarsfordeling – mest truleg vil ansvaret gå i oppløysing og verte til støv på vegen bakover mot dei som opphavleg kom med påstandane. Kvart steg på vegen mot medieforteljinga med heltar og skurkar er lite og nærast ufarleg. Medieforteljinga krev ein tydeleg skurk. Men det motsette gjeld ikkje: Når søkjelyset vert sett på dei som har produsert «heltar» og «skurkar», løyser ansvaret seg opp og blir til støv som fyk i vinden. Ingen står fram og tek på seg ansvar.

Kapital
Eit ekstra aspekt ved moderne fotball skaper endå fleire problem: Storkapital. Fotball har vorte ein industri verd millionar og milliardar. Rett til å sende kampar kan seljast for milliardar av kroner. Klubbar og spelarar har vorte reduserte til avanserte leikety for rikfolk med meir pengar enn vet. Det er ikkje lenger så lett å vite kven som eig korkje klubb eller spelarar; fotballen vert mindre transparent medan dei økonomiske interessene aukar.

Det kompliserte eigarsystemet og dei vanskelege juridiske spørsmåla gjer dei fleste av oss litt hjelpelause. Korleis kan me eigentleg vurdere kva som er rett og gale i slike spørsmål? Når me sjølve ikkje er i stand til sjølve å vurdere kvaliteten på informasjonen me får, må me heller vurdere truverdet til dei som set fram påstandane. Kven er no denne eksperten? Skal me stole på denne professoren?

Det vart difor stadig meir viktig med kritisk journalistikk. Samstundes som økonomiske problem i bransjen stadig oftare tvinger journalistane til å lage raske, kvikke, tydelege saker som set informasjonen inn i forteljingar i svart-kvitt som me kan kjenne oss igjen i.

Kjeldekritikk er einaste boteråd
Me treng mykje meir kritisk journalistikk om fotball. Denne saka må ikkje føre til at journalistar vert endå meir redde for å undersøke kritisk spørsmål knytt til makt og økonomi i toppfotball. Det problematiske med saka ligg i staden i ukritisk bruk av overflatisk informasjon til å trekkje konklusjonar utan naudsynt dekning i kjeldene – kort sagt systematisk manglande kjeldekritikk.

Dei poengterte kommentarane er avgjerande her. Kvifor måtte Hegnar så raskt slå fast at overgangen var eit «svindelopplegg»? Hadde Hegnar ny informasjon som kunne styrkje ein slik påstand? Kunne andre regne med at mistanken vart styrka av at nettopp han hevda at det heile var svindel? Kvifor hadde Dagbladet slik hastverk med å hevde at «svindelopplegg» var det næraste ein kunne kome eit «faktum» i denne saka? I journalistikk handlar kommentaren ofte om å forstå og fortolke saker i mediebiletet før folk sjølve rekk å trekke sine konklusjonar. Det løner seg å vere fyrst ute – difor er det slikt eit hastverk. Det er nesten ikkje råd å vente til alle fakta er komne på bordet og domstolen har sagt sitt. Ein rettsprosess kan ta år.

Me ser at journalistar brukar «ekspertar» til å styrke kritikken i saker dei lagar. Diverre ser me også at desse ekspertane ofte gjer seg sine vurderingar før dei kjenner sakene frå andre kjelder enn journalistane sjølve.

Einaste boteråd mot slike problem er skulering i kjeldekritikk. Difor tre særleg viktige tips til journalistar henta frå lærebøker i kjeldekritikk (Er det nå så sikkert av Fossum og Meyer og Fortida er ikkje det den en gang var av Kjeldstadli):

  1. Det er viktig å vurdere kjeldene du har, men endå viktigare å vurdere kva du manglar. Manglar du viktige perspektiv? Kva ville skje dersom du fekk ny informasjon frå nokre av dei kjeldene du manglar?
  2. Er kjeldene dine uavhengige av kvarandre? Ein ekspert som bygger på informasjonen som du sjølv har gitt, er ikkje ei uavhengig kjelde, og gir berre falsk tryggleik mot mistak.
  3. Vær på vakt mot einsidig «tendens» i kjeldeutvalet. Byggjer du berre på kjelder som normalt vil representere det same synspunktet? Manglar du innspel frå «den andre parten»? I så tilfelle havnar du fort på tynn is.

Nokre journalistar trur at kjeldekritikk finst for å ta vare på enkeltmenneske som havnar i media sitt søkelyset. I røynda viser saker som denne at kjeldekritikk er naudsynt også for å hindre at journalistar seier og gjer ting dei seinare vil angre på.

 

Facebook-kommentarer:

1 tilbakemelding

  1. 15. oktober 2013

    […] professor Krøvels Kjeldekritikk og fotballjournalistikk på Vålerenga på nett. I motsetning til svært mange riksmedier forholder […]

Det kan hende du også liker...