Kven vinn gullet, vestlands-prest?

Akkurat no, i dag, er det umogeleg å seie kven som vil vinne tippeligaen i fotball. Det treng ein ikkje vera rakettforskar, som RBK-trenaren noko kjeisamt seier heile tida, for å påstå. Men kva med ein prest, ein vestlands-prest. Kan ein slik figur seie noko om kven som stikk av med fotball-gullet? Ja, det trur … Fortsett å lese «Kven vinn gullet, vestlands-prest?»

Akkurat no, i dag, er det umogeleg å seie kven som vil vinne tippeligaen i fotball. Det treng ein ikkje vera rakettforskar, som RBK-trenaren noko kjeisamt seier heile tida, for å påstå. Men kva med ein prest, ein vestlands-prest. Kan ein slik figur seie noko om kven som stikk av med fotball-gullet? Ja, det trur vi ein vestlands-prest kan. Difor har vi prata med ein slik prest.

Hans Kenneth Sundsbø er frå Bergen, men er prest i Ålesund. Han drikk sin kaffi frå ein ganske stygg Brann-kopp, er kompis med Viking-spelar Bjørn Dahl, og likar Vålerenga mykje betre enn Rosenborg.
– Eg både trur og håper at Vålerenga vinn gullet, seier vestlands-presten, som også har hovudfokus på kampen om bronsen og cupfinalen mot Lyn – Eg håper at eg har VIF-folket med meg i bøn når cupfinalen skal spelast neste helg. Den kampen må ikkje Lyn vinne, seier presten.

Frå hjartedjupet
– Korleis går det på laurdag, vestlands-prest? – Eg satsar på at Brann tar tre poeng over Lillestrøm, og gjev oss edelt metall. Samstundes håpar eg frå djupt inne i hjartet at VIF vinn serien, og ikkje Rosenborg. Når ikkje Brann kan ta gullet, er det mykje betre at VIF tar det, meiner presten.

– Vil du be til Gud om at Vålerenga skal ta gull, vestlands-prest? – Det kjem eg ikkje til å klare å hugse, seier presten.

– Trur du at Gud kan avgjere resultatet i to fotballkampar som går på same tid? – Gud er overalt, alltid, svarar presten.

– Dersom Jesus hadde levd på jorda i dag. Hadde han hatt Enga-drakt under den kvite kjortelen sin, trur du? – Sannsynlegvis. Enga-supporterar treng all den moralske rettleiing dei kan få.

– Eg veit at Rosenborg har ein kristen spelar på laget sitt, nemleg Fredrik Winsnes. Enga har ikkje nokon, trur eg. Kan denne skeivfordelinga avgjere kven som tar seriegull? – Det trur eg ikkje spelar nokon rolle, slår vestlands-presten fast.

– Likar du VIF-prest Einar Gelius? – Eg har stor respekt for prestar som engasjerar seg i nærsamfunnet, og det er kjempebra at han støttar opp om fin sport. Gelius er ein bra mann meiner eg, forklarar vestlands-presten.

Plutseleg får vestlands-presten det litt travelt. Han skal noko viktig. Medan han spring ut i frå preste-kontoret sitt brølar vi etter han; – Kva vert resultatet i kampane laurdag, vestlands-prest?

– 2-0 til Enga og 1-1 på Lerkendal, brølar han attende, før han forsvinn ut i den kalde haustlufta.

Og heilt til slutt ein kommentar; røysta frå Vestlandet er eigentleg frå Oslo, fødd på Betanien Hospital i 1973, men er no av familiære årsakar busatt i Ålesund, og har nynorsk som sidemål.

Legg igjen en kommentar