Ein vestlands-alkoholikar pratar ut

Vår mann på vestlandet er tilbake, og det med et intervju med mannen i gata. Eller var det mannen på bussen? Buss er i hvert fall diskutert i denne saken. Framleis kjører rutebussane i Ålesund rundt med store bilete av Amund Skiri påklistra. Det likar ikkje ”Bjørn” noko særleg. ”Bjørn” er alkoholikar, og er for … Fortsett å lese «Ein vestlands-alkoholikar pratar ut»

Vår mann på vestlandet er tilbake, og det med et intervju med mannen i gata. Eller var det mannen på bussen? Buss er i hvert fall diskutert i denne saken.

Framleis kjører rutebussane i Ålesund rundt med store bilete av Amund Skiri påklistra. Det likar ikkje ”Bjørn” noko særleg.

”Bjørn” er alkoholikar, og er for det meste i området rundt rutebilstasjonen i Ålesund. Der sit han under eit tak på venteplassen og drikk alkohol, saman med tre-fire andre alkoholikarar. Det er mange bussar ved rutebilstasjonen, og fleire bussar har framleis digre, påklistra bilete av Amund Skiri, Enga-spelaren, på den eine sida. Desse klistremerka kom på bussane i 2003 då Aalesund rykte opp til tippeligaen med Skiri som kaptein. Kvifor dei framleis er klistra på bussane er det ikkje mange som veit.

”Bjørn” ergrar seg noko enormt over at det er ein Enga-spelar på bussane som køyrer rundt i Ålesund. Han kan ikkje forstå kvifor. ”Bjørn” likar nemlig ikkje Vålerenga meir enn han likar brus, og ”Bjørn” avskyr brus.

– Kvifor likar du ikkje Vålerenga, Bjørn? – Det er vel mest fordi eg hatar Oslo, seier ”Bjørn”. Det var Oslo som gjorde meg til alkoholikar, eingong på 70-talet, fortel alkoholikaren. – Men det er ein annan grunn også, og det er ”Yttis”, seier ”Bjørn”.

– ”Yttis”?, spør vi. Meiner du Erling Ytterland, eks-Enga spelaren frå Ålesund med dei syltynne beina? – Ja, det er han eg tenker på, seier ”Bjørn”. – Då han kom tilbake att frå Oslo og Vålerenga for å spele på Aafk igjen hadde han vorte heilt forferdeleg. Han hadde brukt tida i Oslo til å bli ei skikkelig klyse!

Etter denne kraftsalven vil ikkje ”Bjørn” snakke noko særleg meir, men fortvil ikkje. Vi må jo snart snakke med ”Yttis” om desse påstandane framsatt av ”Bjørn”, og det er ikke så vanskeleg å få til. ”Yttis” driv nemlig eigen sportsbutikk i eit kjøpesenter i Ålesund sentrum, så om eit par veker kjem vi truleg tilbake med ein ”Yttis”-prat.

Legg igjen en kommentar